Programmet er under utvikling. Endringar kan førekoma. Alle sesjonar går føre seg i hovudsalen om ikkje anna er oppgitt.
Tysdag 16. mars 2027
11:15 — 16:15-
11:15 — 12:00 Akkreditering og kaffi Vossadagane Foajeen
Hent namneskilt i foajeen. Kaffi og lett servering før konferansestart.
Les meir om foredragshaldaren → -
12:00 Konferansestart Vossadagane Hovudsalen
-
12:00 — 12:45 Frå verdsrommet til Voss Jannicke Mikkelsen Astronaut, Vehicle Commander, FRAM2
Jannicke Mikkelsen er ein norsk teknolog, filmskapar og astronaut med ei heilt unik historie om vegen til verdsrommet. Med mot, nysgjerrigheit og målmedvit har ho sprengt grenser og vist kva som er mogleg når ein vågar å tenkja stort. Foredraga hennar gir nye perspektiv på korleis me kan utfordra det etablerte, handtera det uventa og skapa løysingar saman.
Les meir om foredragshaldaren → -
12:45 — 13:30 Frå verda til oss Anders Magnus Økonom, samfunnsvitar og journalist
Anders Magnus er ein av Noregs mest erfarne utanriksjournalistar, med over 40 år bak seg i Bergens Tidende, TV 2 og NRK, og som korrespondent i Afrika, Asia og USA. Her ser han dei store utviklingstrekka i verda i samanheng, og gir perspektiv på kva som skjer mellom stormaktene – og kva utviklinga kan bety for Europa, Noreg og oss.
Les meir om foredragshaldaren → -
13:30 — 13:45 Pause Kaffi Utstillingsområdet
-
13:45 — 14:15 Vestlandet og den store verda, eit makroøkonomisk skråblikk Petter Slyngstadli Analysesjef i Norne Securities
Petter Slyngstadli er analysesjef med brei kompetanse innan kapitalforvaltning, finansiell risiko og makroøkonomi, utdanna ved NHH. Han gjev oss innsikt i den økonomiske politikken akkurat no, korleis norsk økonomi blir påverka av internasjonale forhold, og kor pilene peiker her i vest.
Les meir om foredragshaldaren → -
14:15 — 14:45 Kva rører seg i regionen? Programkomiteen Fjord- og fjellfondet
Ein rykande fersk status frå regionen, og utdeling av Fjord- og fjellfondet – Sparebanken Noreg sitt fond for lokale tiltak som skapar aktivitet, fellesskap og gode opplevingar i lokalsamfunna.
Les meir om foredragshaldaren → -
14:45 — 15:00 Pause Kaffi Utstillingsområdet
-
15:00 — 15:30 Å våga – og å lykkast Rolf-Harald Haugen Supporting Astronaut Husband
Rolf-Harald Haugen er innovasjonsstrateg, gründer og operativ leiar med bakgrunn frå Marinejegerkommandoen, teknologiselskap og romfartsindustrien, og medgründer av O2XR på Svalbard. Han viser korleis kriser, feil og motgang kan bli utgangspunkt for læring, innovasjon og gjennomføringskraft under ekstremt press.
Les meir om foredragshaldaren → -
15:30 — 16:15 Kva driv oss – eigentleg? Aleksander Gamme Eventyrar
Aleksander Gamme er eventyrar, polfarar, forfattar og foredragshaldar. Han tek publikum med på ei forskingsbasert reise gjennom motivasjonspsykologien – frå Hawthorne-studia til dagens kunnskap om nevrobiologiske prosessar – og gir leiarar nye perspektiv på korleis me skapar engasjement som varer.
Les meir om foredragshaldaren → -
16:15 Konferanseslutt
-
18:00 Festmiddag Fleischer’s Hotel
Onsdag 17. mars 2027
08:30 — 12:30-
08:30 — 09:00 Akkreditering og kaffi Vossadagane Foajeen
-
09:00 Konferansestart
-
09:00 — 09:45 «Key note» Veli-Pekka Tynkkynen Professor in Russian Environmental Studies, University of Helsinki
Meir informasjon kjem.
Les meir om foredragshaldaren → -
09:45 — 10:15 Beredskap – å vera førebudd Hilde Andersen Fagsjef risikostyring i Sweco
Beredskap handlar om å vere budd– ikkje berre handtera kriser når dei oppstår. På Vestlandet er me avhengige av robuste vegar, jernbane og tunnelar, trygg energiforsyning og godt samspel mellom aktørane. Sweco bidreg med risiko- og sårbarheitsanalysar, klimatilpassing, flaum- og skredvurderingar og sikring av kritisk infrastruktur. Målet er transportløysingar som fungerer også når samfunnet blir sett på prøve. For Sweco handlar det om å byggja eit robust Vestland saman, før krisa kjem.
Les meir om foredragshaldaren → -
10:15 — 10:30 Pause
-
10:30 — 10:45 Ein statusrapport om veg og bane – heilt til Voss
-
10:45 — 11:15 Samtale om beredskap
Beredskap handlar om meir enn å handtera kriser – det handlar om å førebu seg. I denne debatten ser me på korleis Vestlandet kan stå betre rusta gjennom robust veg og bane, trygg energiforsyning og eit tettare samspel mellom offentleg sektor, næringsliv og frivilligheita. Kven har ansvaret, kva må prioriterast – og korleis byggjer me den tilliten og samhandlinga som trengst før krisa oppstår?
Les meir om foredragshaldaren → -
11:15 — 11:30 Pause
-
11:30 — 12:15 Når beredskapen blir digital Vivi Ringnes Berrefjord
Vivi Ringnes Berrefjord er forskar ved Institutt for forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskole, der ho arbeider med cybertryggleik, teknologi og tryggingspolitiske spørsmål. Ho har særleg interesse for korleis digitalisering, kunstig intelligens og nye teknologiar påverkar samfunnstryggleik og beredskap. Kva skjer med beredskapen vår når stadig fleire av dei viktigaste samfunnsfunksjonane er avhengige av digitale system? Og korleis endrar kunstig intelligens og cybertruslar måten me må tenkja om tryggleik og beredskap på? Vivi Ringnes Berrefjord avsluttar konferansedagen med eit aktuelt og framtidsretta perspektiv på den digitale beredskapen. Med utgangspunkt i forsking og aktuelle utviklingstrekk ser ho på nye sårbarheiter, nye truslar og kva dette betyr for samfunnet – frå nasjonalt nivå til lokalsamfunna våre.
Les meir om foredragshaldaren → -
12:15 — 12:45 Konferanseslutt og lunsj
Foredragshaldarar
Astronautar, forskarar, journalistar og eventyrarar. Møt menneska som tek deg med frå verdsrommet til serverrommet.
Alt du treng å vita
Vossadagane går av stabelen midt i Voss sentrum, med kort veg frå togstasjonen og god tilgang på overnatting.
Stad
Voss Kulturhus, over gata frå Voss stasjon.
Dato
16.—17. mars 2027. Dag I startar med akkreditering kl. 11:15.
Billettar
Billettar vert lagt ut i veke 42. Ved faktura bestilling kan du senda oversikt over kategori og antal på e-post til siren.hovland@voss.herad.no
Kontakt
Spørsmål om program eller partnarskap? Ta kontakt.