"Lyden av Voss"

21. mars 2024

"Lyden av Voss"

I samband med kommunesamanslåinga mellom Voss kommune og Granvin herad fekk "nye" Voss herad hardingfela som kommunevåpen i 2020. I den samanhengen vart det stilt eit spørsmål i 2018: "Har det noko å sei at hjorten blir bytta ut med ei hardingfele?" Sjølvsagt, var svaret. Me måtte laga lyden til Voss, for lyd er like mykje identitet som målform, grafisk profil, tekst og foto.

Det var berre å hiva seg rundt, samla dei rette folka, få Voss Sparebank med på laget og starta arbeidet. No er me endeleg klare til å gje deg "Lyden av Voss" i konsertform. Me gler oss!

Velkomen til gratis konsert og filmframsyning i Voss Kulturhus 21. mars kl 18.00.

Musikk: Irene Tillung
Film: Yorick S. Gontarek og Front film

Alexander Aga Røynstrand - hardingfele
Sjur Hjeltnes - hammond orgel og piano
Erlend Styve - gitar
Kåre Opheim - trommer
Kari Finne Sognnæs - vokal
Bjørnar Kaldefoss Tveite - bass
Lars Arve Styve - lur og trompet
Irene Tillung - trekkspel
Voss Spelemannslag

Prosjektgruppa
Idè og pådrivar: Kaia Finne
Ole Bull Akademiet:
Jo Asgeir Lie og Arne Anderdal
Vossa Jazz v/ Trude Storheim
Voss herad v/ Thor Morten Trå

Hovudsponsor
Voss Sparebank

Bidragsytarar
Voss Energi
Voss herad
Vestnorsk Filmsenter

Takk til Ekstremsportveko, Osafestivalen, Vossa Jazz, Voss Resort, Myrkdalen Fjellandsby og Voss herad.