Bioparkkonferansen

Nasjonal konferanse for sirkulær omstilling i bionæringane

21. mars 2024

Påmeldingsfrist 1. mars

 

Velkomen til Bioparkkonferansen

 - Norges viktigaste møteplass for hav og land

Påmeldingsfrist 1. mars

Store aktørar og små spirer i mat - og fôrindustrien, avfallsbransjen, politikarar, investorar og verkemiddelapparat møtast med felles mål om å spreie kunnskap og skapa engasjement om det grøne gullet - bioøkonomien.

Gjennom bioparkar og bioindustriell symbiose kan me saman løyse litt av mat- og fôrfloka for meir berekraftige og kortreiste matsystem.

Omstilling i matproduksjonen er nybråtsarbeid, men framtida byr på store moglegheiter der hav og land møtast.

Etter konferansen vert det arrangert Bio-Pitch i regi av Connect BAN investornettverk.

__________________________

EU-nettverket Hoop (Hoop Urban Circular Bioeconomy Hub) er hovudsponsor for konferansen.
Les meir og meld deg inn her.

Me sjåast på Voss!

Tid: Torsdag 21. mars
Stad: Scandic Voss

Påmeldingsfrist 1. mars


Program
Med atterhald om mindre endringar

09:00 Morgonkaffi og registrering
09:30 Opning av Bioparkkonferansen 2024

10:00 Bolk 1 - Nye, berekraftige fôrråvarer til fisk og landdyr

Regjeringa sitt vegkart 2.0 for grønt industriløft er tydeleg; dagens regelverk for mat- og fôrproduksjon er ikkje utvikla for sirkulær ressursutnytting.

I nytt samfunnsoppdrag har Regjeringa sett som mål at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal kome frå berekraftige kjelder på sikt. Kva alternativ har vi til dagens fôrproduksjon, og kor stort er potensialet?

11:30 Lunsj

12:30 Bolk 2 - Bioindustriell symbiose

Å skapa industriell symbiose er nybrotsarbeid. Det krev prøving og feiling, og eit drøss med pågongsmot frå etablerte verksemder og nye spirer. Ein ting er sikkert – betra utnytting av biologiske restmaterialar er naudsynt for ei sirkulær framtid. Saman skaper vi nye ord; bioindustriell symbiose.

15:15 Bolk 3 - Klar, ferdig omstilling?

Kven skal ta kostnaden for ein sirkulær bioøkonomi i Norge? I tillegg til innovative gründerar er vi avhengige av ambisiøse politikarar, eit effektivt verkemiddelapparat, risikovillige investorar og ikkje minst endringsvilje frå dei store selskapa for å snu skuta mot eit meir kortreist, sirkulært matsystem.

16:30 Bioprat

Fasilitert av Elise Sæle Dahle, Land møter hav


Trude Andersen, Invertapro
Jostein Iversen, Grieg Seafood
Kjell Rakkenes, Nortura
Hilde Støle Pettersen, Momentum
Leif Kjetil Skjæveland, Skretting
Stian Jean Opedal Davies, fylkesvaraordførar i Vestland


17:10 Oppsummering og avslutning v/ Stian Jean Opedal Davies, fylkesvaraordførar i Vestland


17:30 "Bio-Pitch" i regi av Connect BAN Investornettverk
Her får du presentert eit spennande utval sirkulære selskap og investeringsmoglegheiter innan bioøkonomien.

Gratis konferansebillett til dei 10 første investorane. Meir informasjon ved påmelding.


18:30 Felles middag med lokale råvarer


Praktisk informasjon og inspirasjon

Overnatting
Overnatt på Scandic Voss, eller sjekk ut Visit Voss for andre gode alternativ.

Reise
Kjem du frå Oslo/Bergen er toget absolutt beste alternativ -  miljøvennleg, sosialt og ikkje minst vakkert. Sjekk togtider og bestill her.

Oslo - Voss med tog: 3,9 kg CO2e.
Tilsvarande distanse med fly: 65 kg CO2e.
(Kilde: Vy)

Behov for litt andre opplevingar enn innetid på hotell?
Me tør påstå at du kjem til ei av Norges vakraste bygder, med naturopplevingar høgt og lågt i alle retningar.
I tillegg arrangerast Vossajazz helga etter konferansen.
Ein sterk oppfordring frå oss vossingar - opplev bygda mens du er her!

Opplev Voss

Vossajazz 2024

Bioparkkonferansen er arrangert/ finansiert av:


HOOP nettverket
hjelper byar og regionar med å auke verdiskapninga av bioavfall og avløpsslam gjennom kunnskapsutveksling.

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Andre konferansar

Vossadagane 2024

Hovudkonferansen

19. – 20. mars 2024

Voss Kulturhus

Sjå meir

Nasjonal kulturkonferanse

22. mars 2024

Voss Kulturhus

Sjå meir