Kulturkonferansen

Nasjonal Kulturkonferanse
22. mars 2024

Kulturkonferanse i Voss Kulturhus
Fredag 22. mars kl 10.00 - 14.00

Kreativ verdivurdering
- bygd for kultur - 

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kva er musikkens verdi?

Kva effekt har musikklivet i ein kommune når det gjeld attraktivitet, oppbygging og utvikling av både staden og dei som bur der? Er det råd å laga ein modell for å måla samanhengar og effekt? Er det rett og slett ei god investering for det offentlege å bruka ressursar på kulturlivet?

Program

  • Lansering av rapport ved Rolf Røtnes frå Samfunnsøkonomisk analyse om effekten musikklivet har på ein kommune med Voss som eksempel.
  • Musikkutvalet, som jobbar med å greie ut heile musikkfeltet i ein NOU, lettar på lokket: Status for arbeidet og perspektiv på kva for verdiar det mangfaldige musikklivet skapar for menneske og samfunn ved utvalsleiar Sigrid Røyseng.
  • Samtale med Miss Tati.
  • Politiske tre kvarter mellom andre Åslaug Sem-Jacobsen(SP), Åse Kristin Bakk (Ap), Kåre Martin Kleppe (H), Jacob Nødseth (V) og Kathy Lie (SV) .
  • Smakebit frå årets Tingingsverk til Vossa Jazz signert Hanna Paulsberg.
  • Oppsummerande skråblikk frå Frode Grytten.

    Linda Eide vil leia oss gjennom dagen.
Linda2

Programkomité

Trude Storheim, kommunalsjef kultur og fritid Voss herad

Bjarne Dæhlie, Generalsekretær Norsk musikkråd

Siri Haugan Holde, dagleg leiar Norske kulturarrangører

Gry Bråtømyr dagleg leiar Norsk jazzforum

Solveig Slettahjell, kunstnar og grundar, Tankesmia KRAFT

Cathrine Nyheim, nestleiar CREO

Øyunn Viken, Dagleg leiar Kultur vest AS

Andre konferansar

Vossadagane 2024

Hovudkonferansen

19. – 20. mars 2024

Programmet for årets store høgdepunkt er klart. Ta ein kikk her og meld deg på.

Sjå meir

Bioparkonferansen

19. - 21. mars 2024

Nasjonal konferanse for sirkulær omstilling i bionæringane.

Sjå meir