Program 2025

Framtidstru

Tysdag 8. april

Kl. 8.30 - 9. 30

Registrering og mingling

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 9.30

Opningsføredraget

Framtidstru: Om verdien av det varige i all endring.

Me lev i ei verd i stadig endring. Slik har det alltid vore. Men ofte skjønar me det varige i all endring fyrst i ettertid, eller når me har fått det på litt avstand.

Framtidstru er knytt til trua på endring. På noko nytt. At noko skal bli endå betre.
Det er ei drivkraft for oss - både som enkeltmenneske og samfunn.

Men korleis kan me skilja mellom forandring som frydar og forandring som trugar?

Kan løysinga vera å skjerpa blikket på noko som ikkje endrar seg? På noko som uansett kva er viktig?

Kan løysinga vera å stilla spørsmål til kva som er uerstatteleg? Kva verdiar me ikkje klarar oss utan? Og korleis kan me la desse verdiane styra utviklinga av samfunnet og styrka trua på framtida?

Sturla J. Stålsett

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 10.10 - 11.00

Forteljinga om Noreg i 2050 - og reisa dit

Håp skapar handling, kva er eigentleg forteljinga om Noreg?

Skal me lukkast i den grøne omstillinga må me gje folk og bedrifter eit felles og positivt framtidsbilete.

  • Ei framtid som er trygg, god og morosam å leva, bu og jobba i.
  • Eit Noreg som har ei tydeleg grøn leiartrøye, og er eit attraktivt land å investera i og besøka.
  • Eit land der nye næringar og verksemder blømer.

I ei tid med minkande klimaengasjement og klimatrøttheit treng me ei ny og betre forteljing om framtida. Korleis ynskjer Noreg og Voss å posisjonera seg, og kva er forteljinga vår mot 2050? Bjørn Kjærland Haugland innleiar, og leiar ein samtale med panelet under.

Bjørn Kjærand Haugland

Samtale

Leia av Bjørn Kjærland Haugland. Medverkande:

Martin Kulild

Helene Frihammer

Håkon Skjoldli

Benedicte Kragh

Hans Engelsen Eide

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 11.00

Lunsj

Kortreist mat som gjer deg glad

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 11.45 - 13.30

Kvar og korleis skal me bygga?

Kan me redusera klimaavtrykket på byggeplassen med enkle tiltak? Kan me legga til rette for auka trivsel ved å dela meir? Og korleis skal me utvikla Voss i ei framtid med hyppige flaumar og avgrensa areal?

Kaia Conradi

Frå klimadepresjon til håp

Conradi vart trekt fram som eit fyrverkeri under sesjonen «Fossilfri byggeplass er ikke svaret på alt» under årets Arendalsuka. Bodskapen var at det ikkje berre kan handla om dei store tiltaka, som fossilfri byggeplass og miljøvenleg betong, når me snakkar om grøn omstilling for bygg- og anleggsbransjen. Kaia set fokus på dei mindre og konkrete tiltaka - og trekk fram prinsippet om at mange bekkar små også monnar. Desse vil rett og slett kunna redusera klimaavtrykket til eit prosjekt langt meir enn fossifrie gravemaskiner. Bevisstgjering og haldningsendring må til for å lykkast. Målet er at du i salen skal få med deg konkrete eksempel på kva andre har lykkast med – og tips til kva som kan fungera i di eiga bedrift.

 

Kva vil me dela, og kor mykje?

BOB Eiendomsutvikling gjennomførte i 2023 ei stor undersøking om kva funksjonar og areal folk er villig til å dela med andre. Ein ynskte å utforska kvar grensa går for kva me kan dela, og kva som er privat. Kva kan me dela med naboen og kva kan me dela med bygda? Er det ein marknad for bustadar med fellesfunksjonar? Lars vil dela BOB sine erfaringar med utvikling og sal av prosjekt med fellesfunksjonar, der deling og sosial berekraft står i fokus.

Lars Clementsen Pedersen

Bustadutvikling på Voss

Klimaendringane fører til kraftigare nedbør, og me må rekna med hyppigare flaumar i framtida. Kan bustadutvikling i Voss sentrum likevel gjerast på ein forsvarleg måte? Kor elles skal me byggja når matjorda og skogane skal skånast? Med kring 1000 «tomme» hus rundt om i grendene – treng me eigentleg å bygga nytt i det heile tatt? I denne sesjonen får du innsikt i dagsaktuelle tema knytt til stads- og bustadutvikling på Voss.

Tina Larsen

Kjersti Finne

Tora Brunborg

Bjørg Lirhus Ree

Lina Hamre

Svein Øvsthus

Susanne Puchberger

Per-Arne Horne

Aart Verhage

Samtale

Leia av Tina Larsen.

Kl. 13.30

Kaffipause

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 13.40 - 15.00

Morgondagens matsystem

Diskusjonen om mat er mangfaldig. Det handlar om alt frå klima, areal, levande grender, dyrevelferd, helse og lønsam næringsutvikling. Me set fokus på heilskapleg og berekraftig matproduksjon og den kronglete vegen frå produsent til forbrukar. Kan Voss og Hardanger gå i front og syna at «back to basic» er eit steg i riktig retning?

Matsystemet smeltar saman med helse og miljø. Krafta ligg i lokalt samarbeid.

Maten blir ikkje til i eit vakum. Me får den matkvaliteten som samfunnet og forbrukarane verdset. EU omtalar det europeiske matsystemet som dysfunksjonelt. Matsystemet gjer det rett og slett umogeleg å nå viktige mål innan miljø, helse og biologisk mangfald. For å retta opp i dette må me tena pengar på å produsera berekraftig mat.

Ola Hedstein

Elise Sæle Dahle

Motkraft

Der andre snakkar om overgang til ein industri av opplevingar, går Voss mot straumen. Frå å leva av ekstremsport og reiseliv, vil me bygga tung industri. Bygda set mål å bli sentral i utviklinga av ny grøn, fornybar industri. Ikkje berre for Voss, men for heile Vestlandet. Prosjektet kan bli eit av Noregs mest innovative industrielle prosjekt, der larvar, møk og matavfall utgjer berebjelka. Det er vanskeleg, som eit maraton i motbakke. Likevel er det her me kan lukkast. Elise Sæle Dahle fortel om korleis visjonære vossingar får til sirkulærøkonomi.

Klima, natur og matproduksjon - eit berekraftstrilemma

Naturen er grunnlaget til økosystema og dei naturbaserte tenestene, men også for gode liv og berekraftige samfunn. Det globale matsystemet står for heile 30 % av menneskeskapte klimautslepp og 80 % av avskoging. Samstundes treng me mykje meir mat til ei verd med aukande befolkning – utan at det gjev meir klimautslepp eller tap av natur. Me står dermed i eit spenn mellom tre komplekse og motstridande mål – med berre ei løysing: matproduksjon som er på naturen sine premissar, og som samstundes reduserer både klimaavtrykk og belastninga på naturen. Dette krev ei meir berekraftig utvikling av landbruk og havbruk, men også nye former for matproduksjon som krev mindre areal og utnyttar lite brukte ressursar. Radikal teknologi, bruk av avfallsstraumar og industrielle symbiosar gjer dette mogleg, men det krev at me mobilisera kunnskap, næringsaktørar og forvalting til eit felles løft. NORCE har i over 30 år hatt fokus på innovative løysingar, og Hans Kleivdal vil presentere kva moglegheiter dette gjev.

Hans Kleivdal

Samtale

Leia av Elise Sæle Dahle. Medverkande:

Benedicte Watvedt Skaug

Lars Selheim

Kjersti Toppe

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 15.00 - 15.30

Om verdival og å vinna terreng – ved å våga!

For fylket, Voss herad og verksemdene i regionen, om det gjeld turisme, industri eller annan næring, så handlar det om verdigrunnlag, strategi og det å våga – for å lukkast.

Våga å ta avgjerder. Med det volatile verdsbiletet me har i dag, nyttar det ikkje å sitja på gjerdet og berre venta. Me må innføra ein «alltid på»-strategi, og me må evne å fylgja ein Ole Brumm-tilnærming: ja takk, begge delar (i teorien kalla ein «Both and»-strategi). Me står i ei rekkje paradoks med motstridande sanningar. Paradoks som ikkje gir oss enkle ja/nei- svar på retningsval.

Våga å samarbeide på tvers av privat og offentleg sektor og på tvers av næringar er ei openberr løysing. Det er også …

Våga å ta med dykk Vossa-galskapen frå idrett og ekstremsport til ny teknologi og industriutvikling, basert på det historiske og det originale for bygda og regionen.

Stine Lise Hattestad Bratsberg

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 18.00

Middag på Fleischer's Hotel

God mat, gode folk, og godt vertskap. Helle Karlsdottir underheld oss med sine nydelege songar.

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Onsdag 9. april

Kl. 8.30 - 9.00

Registrering og mingling

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Kl. 9.00 - 12.30

Framtidas arbeidskraft - ein gjeng med (p)sjukt dårleg helse?

Skrikande behov for arbeidskraft og eit sjukefråvær som aukar.

Er nordmenn sjukast i verda?

Sjukefråværet i Noreg er rekordhøgt. I 2024 gjekk 40 millionar dagsverk tapt til eigenmeldt og legemeldt sjukefråvær. Redusert sjukefråvær gjer kvardagen enklare for alle: mindre press på dei som ikkje er sjukemeldt, sparar arbeidsgjevar for utgifter til vikarar, og sparar staten for store utgifter til sjukepengar.

Ulf Andersen

Ole Petter Hjelle

Sterk hjerne med aktiv kropp

Tenk deg at det finst ei enkel behandling som gjer at du lev eit lengre og betre liv. Ei behandling som reduserer risikoen for hjarteinfarkt, diabetes, kreft, depresjon og demens. I tillegg gjev den betre hukommelse, stressmestring, auka kreativitet og intelligens. Behandlinga finst, og me har nytta den i tusenvis av år. Me snakkar sjølvsagt om fysisk aktivitet.

Kl. 10.50

Kaffipause

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Samtale om arbeidsliv og rekruttering på Voss

Samtalen vert leia av Hilde Magnusson. Medverkande:

Hilde Magnusson

Tonje Såkvitne

Sigrid Nedkvitne

Turid Kvamsdal Midthun

Nils Asbjørn Lie

Ann Kristin Vedå

Ingeborg Hellesnes Uppheim

Kjersti Nordanger

Eirik Larsen Holtekjølen

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

Meistring og motstandskraft i livets utfordringar

Korleis skal me takla livet me har fått tildelt, og det faktum at livet både er urettferdig og lite forutsigbart? Med ei livslang nysgjerrigheit for mennesket koplar Reichelt kunnskap i psykiatri med praktisk erfaring frå Forsvaret. Han forstår kompleksiteten i mennesket sin psyke, og tilbyr innsikt i korleis me kan meistra dei utfordringane livet byr på.

Jon G. Reichelt

https://vossadagane.no/wp-content/uploads/2020/10/cropped-logo-ikon-farge.png

kl. 12.30

Lunsj og takk for i år!