Susanne Puchberger
Arkitekt 3RW
Susanne har 21 års erfaring som arkitekt, og har vore prosjektleiar for fleire av 3RWs prosjekt. For tida jobbar ho med nye Park Hotel på Voss. Susanne har særleg erfaring med større prosjekt der ein jobbar med integrasjon mellom arkitektur, uterom, samferdsleareal og den omkringliggjande urbane strukturen. Ho har ei spesiell forståing for utfordrande situasjonar med høg kompleksitet og korleis desse kan finne si formmessige løysing. Gjennom arbeid på Bergen arkitekthøgskule har Susanne utvikla spisskompetanse på medverknadsprosessar.
Kvar og korleis skal me byggja? | Vossadagane 2025