Anders Magnus

Økonom, samfunnsvitar og journalist

Anders Magnus er ein av Noregs mest erfarne utanriksjournalistar. Han har arbeidd som journalist i over 40 år, mellom anna i Bergens Tidende, TV 2 og NRK. Han har vore NRK sin korrespondent i Afrika, Asia og USA, og har gjennom karrieren møtt og intervjua ei rekkje internasjonale statsleiarar og kulturpersonar. I dag er han kommentator, foredragshaldar og debattleiar, med geopolitikk og internasjonale spørsmål som sentrale tema.

I dette foredraget tek Anders Magnus eit steg tilbake og ser dei store utviklingstrekka i verda i samanheng. Med erfaring frå fleire tiår som utanrikskorrespondent, og med særleg innsikt i USA, Kina og internasjonal politikk, gir han perspektiv på kva som skjer mellom stormaktene – og kva utviklinga kan bety for Europa, Noreg og oss.

Frå verda til oss | Vossadagane 2027

Anders Magnus