Aleksander Gamme

Eventyrar

Aleksander har dei siste tjue åra gjennomført eit breitt spekter av turprosjekt og ekspedisjonar over heile verda, og er omtala som den mest allsidige eventyraren i Noreg. Han har blant anna gjennomført verdas lengste skitur – åleine og utan hjelp – fram og tilbake til Sørpolen. Aleksander er ein ettertrakta føredragshaldar, fasilitator og programleiar. Han har dei siste ti åra spesialisert seg som kulturarkitekt, der han utviklar leiargrupper og implementerer kulturstrategiar. Han nyttar anerkjende rammeverk og modeller innan blant anna endringsleiing, motivasjon, læringskultur, tillit og psykologisk tryggleik. I dette føredraget tek Aleksander deg med på ei reise gjennom historia til motivasjonspsykologien, parallelt med historia om verdas lengste skitur. 100 år med forsking, funn og ekte historier om motivasjon – frå dei tidlege Hawthorne-studiane til Deci & Ryan sin sjølvbestemmingsteori.

Kva driv oss – eigentleg? | Vossadagane 2027

Aleksander Gamme