Veli-Pekka Tynkkynen
Professor i russiske miljøstudiar ved Universitetet i Helsingfors
Veli-Pekka Tynkkynen er professor i russiske miljøstudiar ved Det finske senteret for russiske, eurasiske og aust-europeiske studiar (Aleksanteri-instituttet) ved Universitetet i Helsingfors. Han har òg tittelen dosent i russisk energi- og naturressurspolitikk ved det finske forsvarsuniversitetet. Han leier ei forskingsgruppe som arbeider med energi\- og miljøpolitikk og politisk makt i Russland, og har leia 14 forskingsprosjekt, fem av dei med særleg fokus på Arktis. Professor Tynkkynen har undervist ved finske og europeiske universitet, halde ei rekkje offentlege foredrag, gir jamleg faglege ekspertuttalar til styresmaktene og er ein mykje etterspurd kommentator i media.