Tina Larsen

President Norske Arkitekters Landsforbund

Tina Larsen er president i Norske Arkitekters Landsforbund og seniorarkitekt hos PBE Byarkitekten i Bergen. Ho jobbar for auka synlegheit og merksemd om betydninga av god arkitektur, og for at arkitektar i heile landet skal få dei rammevilkåra som treng for å skape vakre, særprega, grøne og inkluderande stader og bygningar. Ho har vore prosjektleiar for forskings- og innovasjonsprosjektet BOPILOT i Bergen Kommune, som undersøkte korleis kommunen kan vera ein pådrivar for alternative buløysingar, sosiale buformer med deling og nabofellesskap. Tina er oppteken av samanhengen mellom arkitektur og helse, og hevdar at god arkitektur er ei vaksine som kan førebyggje einsemd, utanforskap, ekskludering og mistrivsel.

Tina Larsen_foto Agnete Matre