Margit Lund-Mikkelson
Prosjektleiar regional reiselivsstrategi og berekraftsertifisering, Hardanger
Margit Lund-Mikkelson er prosjektleiar for den regionale reiselivsstrategien i Hardanger og arbeidet med sertifisering av Hardanger som Berekraftig reisemål. Strategien er eit samarbeid mellom kommunane Ullensvang, Kvam, Eidfjord, Ulvik og Kvinnherad, og skal vere ferdigstilt sommaren 2026. Ho har brei erfaring frå reiselivet og har mellom anna arbeidd i administrasjonen ved Baroniet Rosendal, og som rådgjevar for reiseliv i Kvinnherad kommune. Der jobba ho blant anna med reiselivsstrategi, temaplan for cruise og besøksstrategi for Bondhus. Lund-Mikkelson har òg drive eige mikrobryggeri på garden i Omvikdalen, og var i perioden 2022–2025 styreleiar i Visit Hardangerfjord.
Kva no, reiselivet? | Vossadagane 2026