Jørgen Watne Frydnes
Generalsekretær Norsk PEN
Jørgen Watne Frydnes har meir enn 20 års erfaring frå organisasjonar med fokus på demokrati, menneskerettar og humanitært arbeid. Før han byrja i Norsk PEN, var Jørgen dagleg leiar i Utøya AS, der han leia gjenoppbygginga etter terrorangrepet i 2011. Han er (den yngste nokon gong) leiar av Den norske Nobelkomité, der han har vore medlem sidan 2021. Frå 2004 til 2011 arbeidde Jørgen som prosjektleiar i Leger uten grenser, og frå 2013 til 2017 sat han i styret. Han har også vore styremedlem i Helsingforskomitéen, leiar for rådet til Arkivet freds- og menneskerettighetssenter, og er medlem i Memory Matters — eit konsortium av ekspertar på forvaltning av traumatiske minne.
Augneblikka tel - om leiing i vår tid | Vossadagane 2026