Amanda Bergh Schjelderup
Sjef Sikkerheit og støtte Cyberforsvarets CIS-regiment
Amanda Bergh Schjelderup er offiser med majors grad og har brei erfaring frå Hæren. Dei siste åra har ho arbeidd med profesjonsutvikling, kultur og leiing i forsvarssektoren, med særleg kompetanse innan HR og organisasjonsutvikling. Fram til 2025 har ho vore leiar for Militært kvinnelig nettverk. Amanda har markert seg som ei tydeleg stemme i samfunnsdebatten om forsvarskultur, leiarskap og rekruttering. Ho er oppteken av modig leiing, profesjonell dømmekraft og korleis ein bygg tillit og lagkjensle i krevjande organisasjonar.
Augneblikka tel - om leiing i vår tid. | Vossadagane 2026