Vossadagane: Energi og natur

Er Vestlandet budd på framtida?

Onsdag 29. – torsdag 30. mars, Voss kulturhus

Årets hovudkonferanse gir oss eit skråblikk på verda me lev i, og stiller spørsmål om Vestlandet er budd på framtida. Arne Hjeltnes er konferansier og tek oss igjennom dagane.

Onsdag 29. mars:

09.30 Registrering, kaffi og bollar
10.30 Musikalsk innslag v/ Distriktsmusikarane på Voss
Loeillet: Frå triosonate nr. 1, Adagio – Gavotte – Aria – Allegro
Kato Nogva Flem, Piano, Helga Hjetland, fiolin, Øystein Haga, fløyte


10.35 Velkomen v/ordførar Hans Erik Ringkjøb

10.45 Del 1: Kva verd lev me i?
Eit skråblikk på verda med Kai Eide
Ny naturlov – brukar me opp ressursane våre? v/Kai Grieg, FN-sambandet
Grunnleggjande dilemma i norsk energipolitikk, v/Hans Erik Ringkjøb, Energikommisjonen

Lunsj

13.10 Del 2: Grøn framtid?
Grøn region Vestland – ny regionalplan for fornybar energi, v/Sølve Sondbø, seksjonssjef Vestland fylkeskommune
Bioøkonomien, ei brikke i matsystemet eller energimiksen? v/Elise Sæle Dahle, Land møter hav
Lansering av Bioparken på Voss – framtidas sirkulære bioøkonomi v/ Borghild Lekve, konsernsjef BIR

14.10 Del 3: Verdiskaping utan nedbygging?
Arealnøytralitet sett frå ein fagleg ståstad, v/Ragnhild Gya, UiB
Voss skal bli arealnøytral, kva betyr det? v/Lina Hamre, klimarådgjevar Voss herad
Korleis kan reiselivet få til verdiskaping utan nedbygging? v/Nils Akselberg, Norways Best

15.30 Del 4: Den stor Vestlandsdebatten
Årets fyrste partileiardebatt med fylkesordførarkandidatane.
Debatten vert leia av Espen Børhaug, Bergen Næringsråd

19.00 Middag på Hangurstoppen restaurant

Torsdag 30. mars


09.00 Velkomen og oppsummering frå i går

09.15 Del 5: Er me budde på framtida?
Status på kraftmarknaden, v/Lars Herman Andersen, Statkraft
Energikrisa, finst det ein veg ut av energikrisa, eller vil den vara? v/Lars Herman Andersen, Statkraft
Korleis påverkar dagens energiprisar næringslivet i regionen? v/Helene Frihammer, regiondirektør NHO Vestlandet

Pause

10.45 Endring og digitalisering, kvifor skal me det? Det går jo ganske bra? v/Solfrid Flateby
11.30 Utdeling av gjenbruksstipend
11.45 Lunsj og heimreise
Med forbehold om endringar.