Aktivitetar

- Voss -

Voss er den perfekte destinasjonen for kurs, konferansar og events.

Med eit mangfald av spanande aktivitetar, i naturskjøne omgjevnadar, legg me til rette for bedriftssamlingar ein kjem til å hugsa.

Sjå bedrift.visitvoss.no for skreddarsydde bedriftspakkar.

Vossadagane skal vera ein møteplass der me løftar blikket og ser vår eigen region i ein større samanheng. Me vågar å stilla dei vanskelege spørsmåla, me set dagsaktuelle saker på agendaen og er opptatt av å motivera til god leiing.

Målet vårt er at du skal reisa heim meir opplyst og endå meir motivert til å gjera ein forskjell. Om det så er som enkeltmenneske, eller som representant for ei bedrift, ein organisasjon eller det offentlege. Tida me står i krev ein innsats frå oss alle.