Inga Strümke

Førsteamanuensis og forskar innan kunstig intelligens Norwegian Open AI Lab på NTNU

Inga er førsteamanuensis og forskar i kunstig intelligens ved NTNU og Norwegian Open AI Lab. Ho gav ut boka "Maskiner som tenker" våren 2023, som raskt blei ein nasjonal bestseljar. Inga er eit kjent fjes i norsk media, med deltaking i program som Ekspedisjonen, Lindmo, Klassequizen og Abels tårn. Ho har skreve for Morgenbladet og Aftenposten, og har jobba med ansvarleg AI og algoritmerevisjon i PwC. Ho har formidla alt frå relativitetsteori og kvantefysikk til statistisk modellering og AI, og har vore TEDx- og keynote-foredragshaldar internasjonalt. Inga meiner det er viktig å delta i AI-utviklinga, men understrekar behovet for forståing, ansvar og menneskeleg fokus.

Menneske og maskiner | Vossadagane 2026

Inga Strümke