Bård Jervan
Dagleg leiar Nye Tider AS
Bård Jervan har i sine 25 år som rådgjevar bistått aktørar i norsk reiseliv over heile landet med å skape attraktive og berekraftige reisemål. Han var fagleg ansvarleg for arbeidet med den nasjonale reiselivsstrategien som kom i 2021, og kjenner næringa både frå innsida gjennom styreverv i reiselivsbedrifter og frå utsida gjennom strategiarbeid for fylke og kommunar. Jervan har delteke i debatten om betydninga av turistskatt/besøksbidrag i ei årrekkje, og har òg kunnskap om korleis slike ordningar fungerer i andre land.
Kva no, reiselivet? | Vossadagane 2026