På scena 2025

Vossadagane, 8. - 9. april 2025

Aart Verhage

Aart Verhage

Sjefingeniør, NVE Skred- og vassdragsavdelinga

Foredrag: Kvar og korleis skal me bygga?

Aart Verhage har sidan 2010 jobba i ulike rollar med NVE sitt skred, flaum og beredskapsansvar. Dei siste 4 åra som regionsjef ved NVE region vest – Førde. Han jobbar no som sjefingeniør i direktørens stab i NVE Skred- og vassdragsavdelinga, frå Førdekontoret.

Ann Kristin Vedå

Ann Kristin Vedå

Marknadsansvarleg NAV Voss Hardanger

Foredrag:

benedictekragh

Benedicte Kragh

Gruppeleiar Voss Ap, varaordførar Voss herad

Foredrag:

Benedicte Watvedt Skaug - bilde

Benedicte Watvedt Skaug

Forbrukar / Rådgjevar og prosjektleiar i Hardanger og Voss Næringshage

Foredrag: Kvifor kjøper vi ikkje den maten som er bra for både oss, naturen og bøndene?

Benedicte Watvedt Skaug, ein medviten forbrukar, med eit stort engasjement for natur og berekraft. Ho arbeidar som rådgjevar og prosjektleiar i Hardanger og Voss Næringshage, og er aktiv i lokallaget til Naturvernforbundet. Sist, men ikkje minst er ho mor til tre små born. Me får høyre hennar refleksjonar kring utfordringar og moglegheiter for eit betre matsystem. 

Bjørg Lirhus Ree

Bjørg Lirhus Ree

Flaumkoordinator Voss herad

Foredrag: Kvar og korleis skal me byggja?

Bjørg er utdanna agronom samt ho har ein mastergrad i natur- og miljøressurser frå NMBU. Etter 13 år som felthydrolog i NVE, byrja ho på driftsavdelinga i Voss herad i 2020. Voss har vorte råka av to 200-årsflaumar dei 10 siste åra. Flaumutfordringane i Vossavassdraget er krevjande og komplekse, og Bjørg har ei nøkkelrolle i heradets arbeid med flaum og klimatilpassing der ho kombinerar praktisk erfaring med fagleg ekspertise for å finne trygge og bærekraftige løysingar i møte med i eit villare og våtare klima.

Bjørn Kjærland

Bjørn Kjærand Haugland

Adm. dir Skift

Foredrag: Forteljinga om Norge i 2050

Bjørn Kjærand Haugland er administrerande direktør i Skift - Næringslivets klimaleiarar, og tidlegare konserndirektør for berekraft i DNV GL. Haugland har hatt leiarstillingar i Norge, Kore og Kina, og er ein internasjonalt anerkjend stemma i berekraft- og teknologidebatten. Haugland er co-founder av Zeabuz, teknologistiftinga Terravera og er investor i 12 oppstartsselskap. Han er styremedlem i Klimastiftinga Umoe, Centre for Responsible Leadership (USA) og The Earth Foundation (Sveits). Haugland er også medlem av Stortingets Teknologiråd og NTVA.

Eirik Norbits

Eirik Larsen Holtekjølen

Dagleg leiar Norbits

Foredrag:

EliseSæleDahle_web - Copyright Cecilie Bannow--5 (1)

Elise Sæle Dahle

Prosjektleiar Voss Virka/ gründer And Friends

Foredrag: Motkraft

Elise Sæle Dahle leiar arbeidet med å få til industriell symbiose rundt det komande biogassanlegget her på Voss. I tillegg er ho gründer av selskapet And Friends, eit rådgivningsselskap som arbeider med utvikling av sirkulære verdikjeder. Ho er utdanna både designar og i strategi og ledelse, og arbeider i skjæringspunktet mellom innovasjon, strategi og forretningsutvikling. Elise brenn for bioøkonomien og eit bærekraftig matsystem, og ho har eit stort engasjement for å leie samfunnet mot ei fornybar framtid.

Håkon Skjoldli

Håkon Skjoldli

Leiar Voss ungdomsråd

Foredrag:

Hans Engelsen Eide

Hans Engelsen Eide

Sosialminister Active Brands

Foredrag:

NORCE Kleivdal 2019

Hans Kleivdal

Assisterande konserndirektør NORCE Klima og miljø

Foredrag: Klima, natur og matproduksjon – eit berekraftstrilemma

Hans er oppteken av å ta kunnskap i bruk gjennom samarbeid og industriell utvikling frå forskning sirkulære modellar og radikale teknologiar som gir verdiskaping av avfallsstrømmar. Hans har ein doktorgrad i molekylærbiologi og 25 års erfaring frå akademia og næringsliv innan bioteknologi og miljøovervåking. Sidan 2010 har han gått frå rolla som forskingsleiar til konserndirektør i NORCE innan mellom anna sirkulær bioøkonomi med strategisk fokus på utvikling av industrielle symbiosar, og oppskalering av sirkulære verdikjeder ved bruk av CO2 som industrielt råstoff.

Helene Frihammer

Helene Frihammer

Regiondirektør NHO Vestland

Foredrag:

Helene Frihammer er regiondirektør for NHO Vestland. NHO jobbar blant anna for å styrke konkurransedyktigheit og lønsemd i næringslivet, leggje til rette for sunne verksemder, gode utdanningssystem, satsing på infrastruktur, fremje grøn omstilling og sikre berekraftig utvikling. Helene har brei næringslivserfaring, tre mastergradar innan digitalisering, leiing og internasjonal utvikling, og hatt ulike leiarroller i over 15 år. Ho er glødande oppteken av framtida, av å setje styredyktig kurs og vise handlekraft i praksis. Og ikkje minst at me må hugse å ha det gøy undervegs.

2023 Hilde portrett

Hilde Magnusson

Konstituert dagleg leiar i Agenda Rådgivning

Foredrag: Samtale: Arbeidslivet på Voss – ein god plass å bu, ein god plass å jobba?

Hilde Magnusson er konstituert dagleg leiar i Agenda Rådgivning. Ho er tidlegare dagleg leiar for Forum nye Bergensbanen der politisk påverknad, prosjektleiing og allianse- og nettverksbygging innan jernbanesektoren var sentrale arbeidsoppgåver. Hilde har tidlegare representert Arbeiderpartiet og Hordaland på Stortinget i to periodar. Ho har djup innsikt og breitt nettverk i det politiske Norge. Hilde er utdanna jurist, har hatt sin eigen advokatpraksis, og har ei rekkje styreverv.

Ingeborg Hellesnes Uppheim

Ingeborg Hellesnes Uppheim

Kommunalsjef Oppvekst

Foredrag: Samtale: Arbeidslivet på Voss - ein god plass å bu - ein god plass å jobba?

jon Reichelt

Jon G. Reichelt

Lege, psykiater og generalmajor

Foredrag: Meistring og motstandskraft i livets utfordringar

Jon Reichelt er ein erfaren føredragshaldar, lege, psykiater og generalmajor med djup innsikt i menneskeleg meistring og motstandskraft. Med bakgrunn frå både Forsvaret og helsevesenet formidlar han forståelege modellar om korleis menneske fungerer, både individuelt og i fellesskap. Bodskapet hans om forholdet mellom følelsar og fornuft er relevant både for leiarar og i kvardagen.

Kaia Conradi

Kaia Conradi

Driftsdirektør Backe Eiendom

Foredrag: Frå klimadepresjon til håp

Som det kjem fram av tittelen er Kaia oppteken av drifta og verdiskapinga som skjer i prosjekta. For å lukkast som entreprenør i dag er me heilt avhengig av innovasjon og driv. Miljø kjem også innunder innovasjon, og som ein del av 40%-næringa kjenner ho på eit ansvar for å levere ekstra godt på dette parameteret.  

Kjersti Næss Finne

Kjersti Finne

Rådgjevar planavdelinga i Voss herad

Foredrag: Kvar og korleis skal me byggja?

Kjersti er prosjektleiar for kommuneplanen sin arealdel som skal reviderast fram mot 2026. Arbeidet inneber mellom anna å utarbeida arealrekneskap og å gjennomføra planvask. Ho har erfaring frå både planarbeid og oppgåver innan landbruk- og utmarksforvaltning i fleire kommunar, men har sidan 2010 arbeidd i Voss herad med offentlege og private planprosessar. Er utdanna naturforvaltar frå NMBU.

kjersti-nordanger-1

Kjersti Nordanger

Kommunalsjef for helse og omsorg

Foredrag:

Kjersti Toppe, Senterpartiet, Hordaland

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant (Sp)

Foredrag:

Lars Clementsen Pedersen

Lars Clementsen Pedersen

Direktør BOB Eiendomsutvikling AS

Foredrag: Kva vil me dela, og kor mykje?

Lars er dagleg leiar i BOB Eiendomsutvikling AS, eit datterselskap av boligbyggelaget BOB. Han har vakse opp på Voss, studert økonomi i Dublin, og er utdanna arkitekt frå Bergen Arkitekthøgskule i 2008. Han har blant anna starta MAD arkitekter sitt Bergenskontor og bygd det opp til 20 tilsette. I 2020 vart han henta til BOB, og har bygd opp tomtebanken til BOB frå 600 til ca 2.500 bustader over heile Vestland. Lars er gift, har tre born og bur på Bønes i Bergen. Han er glad i topptur, ski, terrengsykling og bruker mykje tid med samojedhunden sin, Lykke.

Lars Selheim

Lars Selheim

Bonde

Foredrag: Heldiggriser får døy heime

Lina Hamre

Lina Hamre

Klima- og miljørådgjevar i Voss herad

Foredrag: Kvar og korleis skal me byggja?

Lina har sidan 2023 jobba som klima- og miljørådgjevar i Voss herad. Ho arbeider med å setja klimaplanen til heradet, «Vossklima 2030», ut i livet. Viktige arbeidsområde er for tida arealnøytralitet, grøne anskaffingar, auka ombruk, tilrettelegging for syklande, klimaindikatorar og naturmangfald.

Linda Monsen Merkesdal, Arbeiderpartiet, Hordaland

Linda Merkesdal

Stortingsrepresentant for Hordaland/Vestland (Ap)

Foredrag: Samtale om Voss i 2050

Linda Merkesdal er medlem av energi og miljøkomiteen og har særskilt ansvar for sirkulærøkonomi, bærekraft, natur, klima og bioenergi.

Martin W. Kulild

Martin Kulild

Rådmann Voss herad

Foredrag: Samtale om Voss i 2050

Martin har vore leiar på ulike nivå i privat og offentleg verksemd i 30 år, mellom anna rådmann i meir enn 10 år. Han har utdanning frå Høgskulen på Vestlandet (samfunnsfag/historie) og frå Handelshøyskolen BI (økonomi/administrasjon).  Han har lang erfaring frå forskjellige styreverv, mellom anna i Kirkens Nødhjelp sitt globale styre, styreleiar i aksjeselskap og vald leiar i frivillige organisasjonar. Martin er opptatt av nasjonal politikk, samfunnsbygging - samspelet mellom politikk og administrasjon, og meiner at av alle kjende styringsformer, er lokaldemokratiet det beste!

mathias fischer profil

Mattias Fischer

Dagleg leiar Initiativ Vest

Foredrag: Samtale om Voss i 2050

Mathias Fischer er dagleg leiar i tankesmia Initiativ Vest. Han har tidlegare vore statssekretær i Klima- og miljødepartementet og politisk kommentator i BT og TV2.

Narve-Gjeraldstveit

Narve Gjeraldstveit

Styreleiar Voss Næringsråd

Foredrag: Samtale: Arbeidslivet på Voss - ein god plass å bu, ein god plass å jobba?

Narve Gjeraldstveit er styreleiar i Voss Næringsråd og Adm. direktør og eigar for Gjeraldstveit Holding AS.

Profilbilde NAL

Nils Asbjørn Lie

HR-direktør Norway's best AS

Foredrag: Samtale: Arbeidslivet på Voss - ein god plass å bu - ein god plass å jobba?

Bilde 2

Ola Hedstein

Gründer og partnar i Rethink Food

Foredrag: Matsystemet smeltar saman med mat, helsa og miljøet – difor ligg endringskrafta i lokalt samarbeid

Ola Hedstein har ein master i husdyravl fra NMBU, stammar frå ein gard i Trøndelag og har arbeidd med matspørsmål nasjonalt og internasjonalt i ulike organisasjonar og bedriftar. Han er gründer og partnar i Rethink Food.

Ole_Petter_Hjelle_01 (1)

Ole Petter Hjelle

Hjerneforskar

Foredrag: Sterk hjerne med aktiv kropp – korleis hjernen vår vert påverka når me er aktive

Ole Petter Hjelle er lege, hjerneforskar, bestselgande forfattar og profesjonell føredragshaldar. Han har ein allsidig bakgrunn, blant anna som toppidrettsutøvar med NM-gull i maraton og meir enn 7500 fallskjermhopp under beltet. Ole Petter har også 15 års leiarerfaring frå privat næringsliv, og held føredrag om leiing med hjernen i fokus.

Per-Arne

Per-Arne Horne

Direktør, Direktoratet for byggkvalitet

Foredrag: Kvar og korleis skal me bygga?

Per-Arne Horne er inne i sin andre åremålsperiode som direktør i Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Horne er særleg oppteken av å forenkla og digitalisera regelverk og byggesaksprosessar, i tillegg til å jobba for at sektoren kan levera på sine målsetjingar innan klima og energi.

Sigrid Nedkvitne

Sigrid Nedkvitne

Styremedlem Voss Næringsråd

Foredrag: Samtale: Arbeidslivet på Voss – ein god plass å bu, ein god plass å jobba?

Sigrid Nedkvitne leiar Friskus as og er grunnleggar av friskus.com - digital infrastruktur for aktivitet og deltaking. Sigrid hjelper kommunar med digitalisering og effektivisering av arbeidet med å byggje inkluderande og berekraftige lokalsamfunn. Vossagründeren er barnevernspedagog, firebarnsmor og kåra til ei av Norges fremste tech-kvinner.

Stine Lise Hattestad Bratsberg

Stine Lise Hattestad Bratsberg

Entreprenør og berekraftsekspert

Foredrag: Om verdival og å vinna terreng - ved å våga!

Den olympiske gullvinnaren, entreprenøren og berekraftseksperten Stine L. Hattestad Bratsberg har meir enn 20 års erfaring som rådgjevar, dei siste 14 åra med spesialisering innan berekraft og ESG. Ho har starta, bygd opp og selt to verksemder. Erfaringa hennar spenner frå nordiske til globale toppklientar, samt den norske regjeringa og små og mellomstore bedrifter. Ho er spesielt kjend for si evne til å integrere berekraft og ESG i kjerneverksemda og omsetje strategi til handling på tvers av heile organisasjonen. Ho er ein høgt tillitsvekkjande rådgjevar for leiing, styre og eigarar.

Sturla Johan Stålsett

Sturla J. Stålsett

Professor i diakoni, religion og samfunn ved MF vitenskapeleg høgskule

Foredrag: Framtidstru: Om verdien av det varige i all endring

Sturla J. Stålsett er professor i diakoni, religion og samfunn ved MF vitskapleg høgskole. Han var generalsekretær i Kirkens Bymisjon frå 2006 til 2014, og styreleiar i Frivilligheit Norge frå 2014 til 2017. Stålsett leia arbeidet med NOU 2013:1 Det livssynsopne samfunn. Ei heilskapleg tru- og livssynspolitikk (Stålsett-utvalet). Frå 1. august 2025 er han rektor ved MF vitskapleg høgskule. Er også gitarist, songar og låtskrivar, og har gjeve ut fleire album med eigen musikk. 

Susanne Pushberger

Susanne Puchberger

Arkitekt 3RW

Foredrag: Kvar og korleis skal me byggja?

Susanne har 21 års erfaring som arkitekt, og har vore prosjektleiar for fleire av 3RWs prosjekt. For tida jobbar ho med nye Park Hotel på Voss. Susanne har særleg erfaring med større prosjekt der ein jobbar med integrasjon mellom arkitektur, uterom, samferdsleareal og den omkringliggjande urbane strukturen. Ho har ei spesiell forståing for utfordrande situasjonar med høg kompleksitet og korleis desse kan finne si formmessige løysing. Gjennom arbeid på Bergen arkitekthøgskule har Susanne utvikla spisskompetanse på medverknadsprosessar. 

Svein

Svein Øvsthus

Partner og sivilarkitekt, HLM Arkitektur

Foredrag: Kvar og korleis skal me byggja?

Svein er utdanna sivilarkitekt ved NTNU i Trondheim. Han har lang erfaring med prosjektering og utvikling av offentlege og private prosjekt, og har vert partner i HLM Arkitektur sidan 2018. HLM Arkitektur har markert seg med fleire sentrale prosjekt på Voss og jobbar for å skape bygningar som har sterk forankring i natur og kultur, og med ei tydeleg berekraftsprofil.

Tina Larsen_foto Agnete Matre

Tina Larsen

President Norske Arkitekters Landsforbund

Foredrag: Samtale om framtidas byggenæring

Tina Larsen er president i Norske Arkitekters Landsforbund og seniorarkitekt hos PBE Byarkitekten i Bergen. Ho jobbar for auka synlegheit og merksemd om betydninga av god arkitektur, og for at arkitektar i heile landet skal få dei rammevilkåra som treng for å skape vakre, særprega, grøne og inkluderande stader og bygningar. Ho har vore prosjektleiar for forskings- og innovasjonsprosjektet BOPILOT i Bergen Kommune, som undersøkte korleis kommunen kan vera ein pådrivar for alternative buløysingar, sosiale buformer med deling og nabofellesskap. Tina er oppteken av samanhengen mellom arkitektur og helse, og hevdar at god arkitektur er ei vaksine som kan førebyggje einsemd, utanforskap, ekskludering og mistrivsel.

Tora Brunborg

Tora Brunborg

Bygningsvernkonsulent, Hardanger og Voss Museum

Foredrag: Kvar og korleis skal me byggja?

Tora er utdanna sivilarkitekt ved Arkitektskolen Aarhus i Danmark, TU Delft i Nederland og med master frå Arkitektur- og Designhøgskolen i Oslo. Ho er tilsett som bygningsvernkonsulent ved Hardanger og Voss Museum med kontor på Voss folkemuseum. Ho er lokal prosjektleiar for Lys i gamle hus, eit prosjekt initiert av Fortidsminneforeningen.

Turid-Kvamsdal-Midthun

Turid Kvamsdal Midthun

Dagleg leiar Kveik AS

Foredrag: Samtale om arbeidsliv og rekruttering på Voss

Ulf Andersen 1 mai 2022

Ulf Andersen

Statistikksjef NAV

Foredrag: Er nordmenn sjukast i verda?

Ulf Andersen har vore statistikksjef i NAV i 10 år, med øverste ansvar for alt etaten produserar og publiserar av statistikk.  Tidlegare har han mellom anna hatt stillingar som Adm. dir i MMI (no Ipsos). Han er ein mykje brukt føredragshaldar og er talsperson for NAV i media.