Kulturkonferanse i Voss Kulturhus
Fredag 22. mars kl 10.00 - 14.00
Kreativ verdivurdering
- bygd for kultur -

Kva er musikkens verdi?
Kva effekt har musikklivet i ein kommune når det gjeld attraktivitet, oppbygging og utvikling av både staden og dei som bur der? Er det råd å laga ein modell for å måla samanhengar og effekt? Er det rett og slett ei god investering for det offentlege å bruka ressursar på kulturlivet?
Program
- Lansering av rapport ved Rolf Røtnes frå Samfunnsøkonomisk analyse om effekten musikklivet har på ein kommune med Voss som eksempel.
- Musikkutvalet, som jobbar med å greie ut heile musikkfeltet i ein NOU, lettar på lokket: Status for arbeidet og perspektiv på kva for verdiar det mangfaldige musikklivet skapar for menneske og samfunn ved utvalsleiar Sigrid Røyseng.
- Samtale med Miss Tati.
- Politiske tre kvarter mellom andre Åslaug Sem-Jacobsen(SP), Åse Kristin Bakk (Ap), Kåre Martin Kleppe (H), Jacob Nødseth (V) og Kathy Lie (SV) .
- Smakebit frå årets Tingingsverk til Vossa Jazz signert Hanna Paulsberg.
- Oppsummerande skråblikk frå Frode Grytten.
Linda Eide vil leia oss gjennom dagen.

Programkomité
Trude Storheim, kommunalsjef kultur og fritid Voss herad
Bjarne Dæhlie, Generalsekretær Norsk musikkråd
Siri Haugan Holde, dagleg leiar Norske kulturarrangører
Gry Bråtømyr dagleg leiar Norsk jazzforum
Solveig Slettahjell, kunstnar og grundar, Tankesmia KRAFT
Cathrine Nyheim, nestleiar CREO
Øyunn Viken, Dagleg leiar Kultur vest AS