Idrett 2022

Voss Idrottsråd inviterer til«Inspirasjonskveld for idretten» 

Torsdag  7. april  kl. 17.30 – 19:30

Stad: Scandic Voss

Innleiarar: Elisabeth Faret  og Marco Elsafadi, som begge er medlemmer av landsstyret  i Norges idrettsforbund,  kjem til Voss denne ettermiddagen.

Elisabeth Faret: Kjønnsbalanse i Norsk idrett

Elisabeth sit i hovudstyret i Norges idrettsforbund og er særleg opptatt av likestilling og inkludering. Ho leier ei styringsgruppe som skal utarbeida ein strategiplan for å få  betre kjønnsbalanse på alle plan i idretten. Ho vil leggja fram tal på korleis stoda er i dag,  og kva erfaringar ho har møtt i arbeidet for  å rekruttera kvinner i ulike posisjonar. 

Marco Elsafadi:  «Motivasjon, ansvar og samspel som skapar idrettsglede» 

 Marco er tidlegare basketballspelar og har jobba med barn og unge i over 25 år. Han er opptatt av krafta som oppstår mellom menneske. Dagleg bygger vi kvarandre opp og bryt kvarandre ned, er vi bevisste på vårt ansvar i møte med andre?

Det vert servert kaffi og noko attåt i pausa mellom dei to føredraga, difor vil me gjerne vite kor mange som kjem. 

Vel møtt!